Realitetssjekk.

Januar 2012:

Det var ingen grunn til å vera negativ til noko som helst. Tottenham skulle enda på tredje plass. På andre. Me skulle vinna ligaen!

 

Mai 2012:


Knekken kom. Så klart. Me hadde slått Blackburn, utan at det var ein gigantisk sjølvtillitsboost. Før kampen strøyma angeren på. Kvifor hadde eg vore så kjepphøg overfor Arsenal- og Chelseasupporterane eg kjende? Kvifor kjende eg Arsenal- og Chelseasupporterar? Skal eg halda med City neste sesong? (NEIDÅ!!!)

 

Og så..

Plutseleg sit ein der, og jublar over å ha slått Bolton 1-4. Bolton.. I ein kamp ein nokre månader tidlegare ville ha tippa at kom til å enda..ja 1-4 kanskje. (Det får då vera måte på.) Det er då ein innser at ein må sjå litt meir realistisk på ting, enn ein gjorde tidlegare. Tottenham vinn ikkje ligaen. Dei endar ikkje på andre. Men tredjeplassen, den tek me!

 

PTSS

Du veit då du var liten og hadde bursdag, og gjekk heile dagen og venta på at gjestane skulle komma med gåver klokka sju? Og at då dei endeleg kom, hadde dei med ei tyggispakke til deg og fem syklar til den bortskjemte, ufordragelege naboungen? Og at den eine sykkelen var stolen, men ingen andre enn deg brydde seg? Omlag sånn kjende eg det i går.

Alle har skulda. Eg ville ha finale, men eg er uansett glad for å halde med Spurs og ikkje Chelsea.

LONDONLOL!















Langfredag reiste Yid Army Noreg til London, for å få med seg borte- og heimekamp, og 6 poeng trudde me. No gjekk det ikkje heilt som me hadde tenkt. Hadde eg sett kampane på puben, hadde eg sikkert tatt meg ein kvil i sofaen realtivt tidleg. Likevel, både det å vera på Tottenhamkamp for fyrste gong laurdagen, og å debutera på  WHL mandag, gjorde noko med meg. Berre det å sjå fleire enn ti medsupporterar samla, fekk meg til å sikla litt på drakta. Det å sjå alt på ekte var magisk..resulatata tragiske. At det blir fleire turar, er det definitivt ingen tvil om!

Om me ikkje fekk med oss alle poenga me hadde tenkt heim, så blei det i det minste drakt på meg. Dette syns tydelegvis vår ven Benny var lolbart, og reaksjonen hans utløyste eit mildt spasmeanfall hos meg. 

 

 

Det har vore ein fantastisk tur, trass alt. Kryssar det eg har for at resultata er gløymde på søndag! COYS!




Ve te London, ve te London med det samme!



Om ei veke reiser eg på min fyrste Londontur. (Har rett nok vore der to gongar før, men ikkje som Tottehamkompis. Då gjeld det ikkje.) Reisefylgjet er Yid Army Noreg m/ vener, og måla Stadium of Light og White Hart Lane. Om eg gler meg? Ja! Om eg spring rundt sånn som på teikninga? Ca!  

 

I tjukt og tynt.



Ups'n'downs'n'ups

 

Luka.

Øver meg på å teikna sånn vaksne folk gjer.. Byrjar sjølvsagt med Luka. 

Liverpool - Spurs: Høgdepunkt

Ei katte vitja Anfield.

 

 

Nokon angreip Assou-Ekotto med laser. Han såg heldigvis ikkje ut til å vere særleg plaga av det..



 

Saha fekk sin debut då han kom inn for Adebayor.

 

Bale hadde visst ein bra sjanse. Den såg ca sånn ut frå der eg satt..

 

 

Satsar på ein ENDÅ meir spennande kamp til helga!

I natt eg drøymde...

...at Moods of Norway var vår nye draktleverandør og sponsor. Tenk om!




Bartesavn!

how do you make gifs

 

Som ein av kanskje få, meiner eg at Jon H. Børrestad bør få barten sin tilbake. Her gir eg vår gode med-yid eit par forslag til nye bartevariantar! Forventar å sjå ein av dei i studio snart.

 

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits